Viser innlegg med etiketten hagel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hagel. Vis alle innlegg

torsdag, oktober 04, 2007

Lang skuter tur

Lang tur med skuter var planen for dagen, men dagen starta med overskya og lett reggen så det som sko bli ein tidleg avreise vart ein sein, dvs i 12-13 tida. Men me kom oss da av gårde, planen i dag var ein fjelltopp eit stykke sør for hotellet. Smale svingete fjellvegar :) Me kjørte sørover, Håkon i front si han er best på fartsgrenser og skilt, æg bak. Etter ei stund såg æg dæ motivet og drog opp kameret, tok bilde for og så oppdaga at minne kortet fortsatt satt i pcen, kjempe, siste dagen med skuter og æg hadde ikkje kamera. Men det ordna seg, Håkon hadde me sitt og var meir ein glad og gje mæg ansvaret for fotograferinga, då slapp han og tenka på det (han er ein S :P). Vell turen gjekk oppover fjella på smale svingete vegar. Var vell feriens beste kjøre tur oppover desse svingane med furuskog på kvar sida, fin utsikkt. Rett og slett kjempe.

Vell oppå toppen oppdaga æg kvifor æg hadde tenkt at å fylla bensin før fjella var ein god ide, æg var nesten tom, æg hadde gløymt å fylla. Så nedover bar det (takk og lov nedover) til nærmaste landsby, ca 1 km før begynte bensin lampa og lysa, dette lova ikkje godt. Men kom fram, berre for og oppdaga at det i denne landsbyen ikkje var bensin stasjon, men det var ein 5km lenger nede, kjekt dæ for ein som allrede kjørte på reserven. Men me la i veg, heldigvis var det berre nedover bakke, så nå har æg prøvd rennesykkel og. Vell på bensinstasjonen vart tanken fylla opp, og turen gjekk vidare, opp dei samme bakkane me (æg) rant ned (fine svingar) og opp til den planlagte ruta. Me sko ha litt fleire svinger før me kom ned til hovud vegen og stranda.

Etter ein dukkert i det overraskande salta Middelhavet bestemte me oss for og ta ein rask mat bede. Tanken var at me sko ha ein sein middag når me kom til hotellet, som tenkt så gjort, me satt oss ned og bestilte 2 cheesburgerer (ikkje veldig originalt, men d var godt) Etter å ha åde såg me att mørke skyer, reggen, lyn og torden nærma seg, og me hadde ikkje fått hjelmane på før d begynte og reggna, me bestemte oss for og sjå koss d gjekk og stoppa med ein bensin stasjon o.l. vist det vart veldig ille. Etter 10min måtte me stoppa, noko så var lika så godt. Me var gjennomvåte, blant anna pga sølepytter og biler i mot + at d reggna jo :P. Så me fant ly i eit super market. Heldigvis for 5 min etter kom uværet, og uvær var det. Det lynte og torna og reggna så du sko tru himmelen datt i håve på oss, vist dæ ikkje var nok så begynte d og hagla. Haglå var på størrelse med bruskorkar, me var sjeleglade der me stod 6 stranda turistar og såg utover parkeringsplassen.

Lika glad var ikkje kassa jentå som skulle kjøra skuter heim, hu var lika sjokkert over været som oss, slikt vær var vanleg i desember ikkje i oktober. Etter ca ein time var det verste forbi og me bestemte oss for og prøva, våte ville me bli (og vart) men det lynte og tordna ikkje. Vell me gjekk ut til skuterane og begynte den timelange turen til hotellet, må vell sei at turen tilbake var eit race mot skyene. Me oppdaga nemleg at me kjørte i eit liten flekk utan skyer (nesten utan), med lyn og torden skyr rundt, håpet var at denne flekken var stor nok til at me greidde turen tilbake til hotellet. Og det gjekk faktisk bra, med unntak av litt reggen (som gjorde oss på nytt våte til skinnet) gjekk turen tilbake til hotellet greit. Sjølv om kulde faktoren vart multiplisert ganske mykje av kald vind og fart (det var jo eit race) og det at dei siste 15minutta kjørte me inn under veldig mørke skyer. Til tross av det sura været og at det var litt kaldt, så kunne æg ikkje la vær å smila under turen tilbake, æg e nok jærbu, reggen og vind gjer berre at æg føle meg heima.

Vell tilbake på hotellet kapra Håkon badekaret, så æg fant det av ullteppe det var på rommet og la meg i senga, der vart æg liggjande til det var tid for middag. Vart til og med varm etter ei stund. Til middag gjekk me ca 60m ned i gata, der Håkon hadde ein "greek plate" mens æg hadde grilla laks, nå er me vell tilbake på rommet og det er sove tid. Må tidleg opp å levera syklane, di stengte nemleg tidlegare enn annonsert i dag, men det gjer ikkje så mykje, me kan sovna i sola etter på :)

pga si æg ikkje brukte mitt eige kamera blir det ikkje lagt ut bilder i dag.