Akkuratt nå så e æg våken midt på natta, kvifor? ein grunn er at i dag så låste ryggen seg pga stress. Så dagen vart tilbragt med å sova, lesa på FDP-J (Fylkes delplan for Nord Jæren) og ellers ta vare på meg sjølv. Grunne til stresset er at det er litt mange ting som skjer for tida, æg skal væra kursleiar for oppdrag nord (speidar), har ein liten landsleir og planlegga område på (speidar) og ikkje minst ein liten master oppgåve (skule) i tillegg så har Impuls styrt mykje av kvardagen min dei siste månadane.
Av desse så er det eigentleg berre masteren æg stresse med, æg er ikkje ein typisk "gjer ein stor oppgåve aleine" fyr, æg e sosen, ukonsentrert, har ikkje sjølv disiplin og ikkje minst æg e mester i å utsetta alt til siste liten. Nå er det nok slik at æg overdrive dei dårlege eigenskapane mine her litt, men bilde æg prøve og mala, er at æg e best i team arbeid eller gruppe arbeid på godt norsk. Æg like å jobba i ei gruppa (unntatt gruppa i Aalborg som var forferdelig) kor me gjennom diskusjon kjem fram til den beste løysinga, eit team kor me kan spæla på dei ulike eigenskapane folk har.
Eit godt eksempel på eit team æg i det sista har vore med i, er innhalds komiteen til Impuls Svg. Eit team med geniale folk: Sondre, Nora, Thomas og Lars K + fleire. Eit team som har utfordra meg, stolt på meg og som æg har kunne stolt 100% på. Eit team kor me har hadt diskusjonar om ordlyd på bagatellar, til så hoppa over på store retnings givande samtalar om kor me vil hen, eller rettare sagt kor vil Gud føra oss.
Nå på Onsdag hadde me evaluering av detta team arbeidet. Det fekk æg gjer med 2 kjempe personar, nemleg Sondre og Nora. Det vart ein evaluering kor me ikkje berre såg på kva som hadde godt dårleg, men også byggja kvarandre opp med det som hadde godt bra. Æg håper at æg i mange år framøve kan jobba med impuls, for gjengen rundt Impuls er ein kjempe gjeng som gjer meg mykje.
(Nå er æg heldig at det ikkje berre er gjennom impuls eg har jobba med kjempe folk, det same kan seies om speidar arbeidet, men det får bli ein anna post)
Men over til master oppgåva, for det er den æg ska prioritera framøve. Har fått ned ein oppgåve beskriving og har begynt på data innsamling, dvs skrive delen. Og det er nok difor æg stressar. Til tross for blogg og smsar så liker æg ikkje å skriva, æg e best på teikning og visualisering. Så gleder meg til æg skal begynna på det endelige produktet av master oppgåva, nemleg ein 3d modell av prosjekt området mitt (+ ein liten rapport :P)