mandag, august 31, 2009

Jobb

Etter lite lydjobbing det siste året så har det tatt av dei siste to helgene. Sist helg var det sys.tek jobb på Salsa konsert med M og Ø. Denne helga var det Stage Dolls konsert der eg og var sys.tek på lyd/lys.
Hadde det kjempe begge helgene, men det vart litt seine nette, særleg denne helga. Når Ø og æg kom opp te western byen på fredag ettermiddag så vart det mykje scene arbeid som måtte gjers. Dæ som skulle vær ein liten jobb med litt oppheng av lys bommer og dva, vart klatring i trosser, oppheng av presseningea, og tak legging.
Scene taket var ikkje tett, Baut... hadde ikkje gjort jobben sinn, som gjorde at me brukte meir tid på og retta opp deira feil enn på vår rigging. Så fredag ettermiddag vart til fredags natt, me var vell på bryne igjen kl 3 på natta.
Laurdag strata tidlig, ca halv 10 var me oppe og begynte med rigginga, molton, snurrelampa og dva sko opp te kl var 16.00. Taket var ennå ikkje tett, så me måtte opp med eit undertak for og stoppa dryppinga ned på utstyret (det regna omtrent heile tida). Men riggen var ferdig til bandet kom, dei var fornøgd og arrangør var fornøgd. Så kan ikkje klaga, (berre på baut.... ) sjølv om kroppen verke etter nokre timar med trosse klatring og søvnrytmen er skutt etter ein 18 timers dag i går. Håper det kan bli fleire sys.tek jobbar på lyd/lys framøve