onsdag, juli 22, 2009

Clutch, bakkar og oljesøl

Fant vell ut at det var på tide og skriva om den siste delen av brødrane Ree sin ferie tur. Som dei som leste sist post har fått med seg, så var æg og Ø på ferie te Danmark, ein kjekk tur med god mat, litt broderlige diskusjonar (Ree stil), Aalborg og Køben også sjølvsagt ein øydelagt girkasse som hadde holdt til Køben og som me håpa ville halda dei 750+km til Oslo gjennom Sverige. Det frista nemlig ikkje og stå langs søta brors motorveg og venta på taubil.

Me starta fredags morningen med å komma for seint til frukost, me (æg) hadde huska feil klokkeslett på kva tid frukosten slutta, så me strata dagen litt svoltne. Turen gjekk fint ut av Køben, bilen holdt, og me hadde god fart over brua til Sverige, æg hadde fortsatt eit lite håp om at girkassen sko sei pang og tannhjula sko vær strødd utover ein svensk motorveg (till tross for ekstra tida og styr det hadde kosta), men til min store skuffelse så skjedde ikkje det. Bilen haldt heile vegen til Oslo, gjennom svenske 110soner og norske 60 soner (kan som framtidig veg planleggar komma med gode grunner til forskjellen, men gidde ikkje :P)
Vell framme i Oslo, fant me hotellet og etablerte oss på rommet.

Men før me går vidare så må æg vell innrømma at før me forlot Sverige så var me innom Svinesund handlestad (e.l.) Ein merkelig plass med billig tobakk, kjøtt og snop. Ein plass kor skilta var på norsk, kassa dama var norsk, og ein kunne betala med norske kroner, såg ikkje ein einaste svensk bil på parkeringa. Grunne til dette litt harry stoppet var sjansen til billig snop og brus.

Men over til Tigerstaden igjen, vell inne på hotellrommet ringde me M som på grunn av studio opphald ikkje kunne væra me ut å eda. Så det var brødrene igjen som gjekk ned på fridays og fekk seg ein burger (like dei), etter ein god middag gjekk turen vidare ut i Oslo sitt natte liv, dvs æg drog Ø med til operaen kor me diskuterte arkitektur og opera opp mot økonomi osv (gjett kva sida æg stod på) Etter enda litt vandring enda me opp på Scotsman kor me prøvde ein litt dårleg (enkel) whisky. Whisky skal vell eigentlig nydas seint og forsiktig, og me hadde store planer om det. Men den plane forsvann derimot ut av vindauget idet me såg dei rigga til visesong på ein liten scene. Då forsvann me (etter først og ha drukke opp whiskyen). Men det passa fint då M møtte oss på ein anna pub (etter litt venting) kor me vart sittande og snakka til me måtte te hotellet pga ein kjøretur til Bryne dagen etter.

Dagne etter (laurdag) starta bra, me rakk frukosten, og kom oss trygt ut av Oslo og satte kursen sørover. Me kjørte E18 då planen var og enten stikka innom A i Arendal eller T&SB i Lyngdal. Må vell sei at veiane og 100 sonen i Vestfold er kjempe, me følte me hadde godt tempo, heilt te vegarbeidet starta. For vegarbeid betyr kø, det pluss at norske politikere ikkje kan bygga ut eit heilt veg strekk om gangen, så vegen alternere mellom 2 og 4 felt (alt blir bære når æg begynne å planlegga :P ) I løpet av køen, som var utruligt trøytande i varmen (ikkje lukta det godt mellom alle bilane heller). Fant me ut at me sko stikka innom grenland folkehøgskule, Ø har godt der og æg har berre høyrt om plassen, så begge syns det var ein grei ide. Vell framme kjørte me litt rundt og Ø fortalde litt om dei forskjellige bygga, der er gymmsalen, der er den oppvarma sandvolley-bane-hallen osv osv, det var eigentlig litt kjekt og sjå ein plass æg har høyrt mykje om, einaste problemet var ei litt merkelig lukt frå bilen. Så me stoppa, lukka opp panseret og fant ut at girkassen lakk olja, for dykk som ikkje er bil kyndige, dæ e ikkje bra når girkassen lekker olje.

Etter litt diskusjon kom fram te at det uansett ikkje kunne bli verre enn at me spreidde tannhjul utover E18, så turen gjekk vidare. Bilen gjekk eignetleg ganske greit, 4 gir slutta å virka litt før Kr.sand (kor me stoppa på BurgerKing) Og jammen gjekk det fint til Vigeland og, men der sa det pang, eller det sa ikkje pang, clutchen slutta berre å fungera optimalt. Det hadde kåme olja inn på clutchen, noko som faktisk var eit større problem enn girkassen, for det å kjøra ein bil der clutchen slure når du gjer gass i 5 er faktisk ikkje optimalt. Me hadde og litt problem med å kjøra oppover bakkar og akselerera. Men me kom oss då framover :P

Etter ein litt lang tur, kor me blant anna hadde litt lang kø bak oss i alle bakkar, og kor kvar bakke og akselerasjon måtte tas som du kjørte på våt is, kom me då oss trygt til Bryne. Ferien i seg sjølv var kjempe, turen vart kjekk og oppleving rik. Og begge to kjæme nok til å huska den ferien kor me kjørte 1850km med øydelagde girkasse.