Nå som æg sitter her på eit hotell rom i København og tenke litt utpå natta så går tankane naturlig nok tilbake te kva som har skjedd dei siste dagane.
Måndags ettermiddag drog brødrene Ree ut på tur, målet var Danmark. Turen starta med ein kjøretur til Kr.Sand som vart etterfølgt av ein liten båt tur. Vell framme i Danmark (med ein liten lyd i bilen, meir om den seinare) kjørte med sørover til Aalborg og R som me skulle overnatta sjå, me hadde eigentlig tenkt å overnatta på hotell, men som R sa "det er tosset at bruge penge på overnatning når i kan overnatte her" Så då kom det noko godt ut av semesteret midt i Aalborg, nemlig ei venninne med leilegheit og luftmadrass. Vell framme i Aalborg fekk med kvelds mat, klokka var vell 11-12, men me vart sittande oppe og snakka. Æg slo raskt over på midt beste norsk, og øyra mitt vart raskt vand med dansk igjen, min broder sleit litt meir, men jamenn slo han over på pent norsk han også før me la oss for natta.
Tysdag starta med frukost og så ein tur i Aalborg zoo, kor me såg tiger og løver, isbjørnar og elefantar. Fekk også med oss eit falke show, der falken fløyg over håvene på oss, og var innan arm rekkeviddi av meg fleire gangar, sjølv om æg tvile på at mine refleksar er gode nok til og fanga ein falk i stup. På kvelden spanderte me middag på R på Bones som takk for at me fekk overnatta sjå hu. Kvelden vart avslutta på Newcastle (pub) kor me traff M og hennar venniner.
Onsdag var dagen me sko kjøra te Køben så me stod relativt tidlig opp og kjørte ned til Aalborg sentrum, men min bror ville innom eit verkstad for og sjekka lyden i bilen. Så æg viste han vei etter husken og me fant fram til eit verkstad æg hadde brukt før. Der var dei var opptatt, men dei henviste oss til eit anna, der me fekk hjelp av ein hyggelig dansk mekanikkar som kjørte bilen ein liten runde og oppdaga at girkassen nok er øydelagt, men at me sannsynligvis berre kunne kjøra vidare. (så nå har me eit lite veddemål kor langt den varer) Vell nede i Aalborg sentrum vart det litt handling av klær og sko på oss begge før beina og magen førte oss til BOGØS.
BOGØS er ein sandwich plass æg oppdaga i haust, og er den beste sandwich plassen æg har våre på. Så har dei siste månadane sakna å ha muligheita til å stikka innom den og kjøpa ein sandwich med godt og mykje tilbehør, ferske råvarer og god smak til ein billig peng. Men nok om Bogøs, for turen vår gjekk vidare til Køben, eller kjøben som æg også skrive (ja æg veit det er feil)
Turen gjekk via Århus og me kom fram til hotellet i 6 tida. Vell framme tok me det litt me ro før me gjekk ut og åd Kina mat. Kvelden ende opp med ein gåtur i bygadene kor me fant Beduin bar, ein kjempe fotobutikk og såg ein sjonglør frå Usa. Før me tok kvelden var me også innom Old English Pub kor ein koselig bartender fant ein 16år gammal singel malt skotsk whisky fram til oss.
Dagen i dag starta med frukost på Rene cafe kor etter med gjekk på Riplly's belive it or not. Etter nokre timar der drog æg Ø.. ut til Kastrup via metro, æg ville tilbake til prosjekt området mitt, hadde lyst og sjå om det var mulig og gjennomføra ideane mine. Vell ute på Kastrup gjekk med litt rundt og snakka tekniske muligheiter før me tok metroen tilbake til Forum stasjon og hotellet kor me tok det litt med ro før me sko ut og eda. For mat må ein ha, så middagen i dag vart innteken på Jensen's bøff hus, ein god biff middag, sjølv om begge var einige at entrecoten nok var ytrefilet (litt mykje fett, litt lite marmorering). Men middagen var som sagt god, så fornøgde og mette gjekk med ut og sette kursen mot Beduin bar. Me hadde nemlig lest på nettet at her hadde di vannpipe, og dæ frista litt. Etter ei pipa med eple tobakk gjekk turen igjen til Old English Pub kor me hadde ein ny whisky, denne gang ein 10år singel malt med litt røyk i smaken. Kvelden vart avslutta med bøker og nett surfing. I mårå ska me kjøra te Oslo kor me ska møta M. Så nå håper me at girkassen held og at me ikkje blir ufrivillige svenska ei lita stund.