Var i Tromsø i helga, kongress og landsleir møte. Ei kjekk helg, hadde eit produktivt møte om landsleiren med K.A, fekk treffa speidar bekjente på kongressen, både nye og gamle, men ein del av livet mitt er over. Gjekk heile helga rundt og følte æg var tilskodar, var aldri heilt med. Noko av grunnen er jo min eigen personlighet, men den store grunner er at æg er for gammal. I ein alder av 27 så er det på tide og slutta min aktivitet i roverarbeidet, eit arbeid som har gitt meg mange venner, venner som har gjort at æg har holdt på så lenge i d heila. Nokon vil sei at æg har holdt på for lenge, æg var og er for gammal, andre seier at du er så gammal du føler deg. Æg har alltids holdt på den siste, men kan ikkje ignorera følelsen i meg sjølv at nå er det på tide og gje seg. Noko æg eigentlig syns er synd, rover arbeidet har gitt meg mykje, gode venner, gode turar. Dette var mine tankar mens æg vandra rundt på kongressen i helga.
Men på flyet heim fekk æg høyra det av S.K, æg trengte jo ikkje gje meg heilt med rover arbeidet. Ja kongress og andre krets arrangement der 16åringane sammalast trenger æg ikkje gå på. Men det ska jo startast student rover lag i Stavanger, eit lag som består av folk over typisk rover alder (16-20). Så min framtidige rover "karriere" er ikkje over, den går berre inn i ein ny fase. Ein fase med student speiding, kurs veiledar og kurs leder. For som dei seie ein gang speidar alltid speidar, eller som min far seie: Ein gang speidar alltids pyroman (den er nok retta mot mæg)