mandag, august 25, 2008
Sørlandet
På veg til Danmark stakk eg innom Thea og Svein i Lyngdal, det vart ein kjempe kveld med litt OL, Buzz og litt mat, i 11-12 tida fant me ut at klokka var mykje. Det vil sei, dei to som skulle på jobb neste morgon fant ut at dei skulle legga seg. Før dei la seg så fant eg ut, med hjelp av lokal kunnskaper frå Svein, at æg måtte kjøra seinast kl 05:45 helst 05:30 for å nå fram til klokka 7, ein skal jo møta 1time før. Thea og Svein gjekk og la seg etter og ha forklart korleis æg sko gjer når æg gjekk, typen; berre ta kaffi og mat og la garasje døra stå open. Æg syns d var litt tidlig, var jo ikkje trøyt i d heila, så la meg ned i senga og såg toisj episoder av ein serie æg hadde på pcen. Etter ei stund når klokka var ein plass utpå natta sovna æg. Alarmen stod klar 2 min på 5, satte også på ein ekstra alarm kl5. (for dykk som kjenne meg: ser dykk kor det går?) Så i dag mårres våkna æg brott, nokon sa namnet mitt, kva skjedde?? var litt forvirra der æg såg Thea stod i døra og snakka te mæg, så æg mumla noko om "æg har mysta ferjå" (har jo litt sjølv innsikt :-P ) stupte mot mobilen og såg at klokka var 7:05, for dykk med dårleg husk: æg måtte kjøra seinast kvart på 6. Æg hadde mista ferjå. Æg stod opp, fekk litt kaffi og satt meg ned med Thea og Svein før di sko på jobb (lærarar) Thea mumla noko at hu burde jo kjenna meg så godt at hu sko ha vekt meg og Svein lo litt, æg satte meg ned itte ei stund og bestilte ny billett, så klokka 16:30 skal eg ta super-speed 4 til Danmark. Mitt gode sovehjarte kosta meg i denne omgang 560kr, det er ikkje første gang, og heilt sikkert ikkje siste gang at søvn=æg taper peng :P