Ferie på Rhodos er ein drøm, varmt i været, sol og sand og svømmebaseng rett ved leiligheten. Men kan jo sei at det er på tide at æg kom meg lenger sør enn amsterdam. Så etter litt lang planlegging (eller mangel på) så kom me oss endeleg på tur til syden (me er i denne samenheng Håkon og meg sjølv)
Landa søndag formiddag, fekk rom og la oss ut i sola, tilbrakte resten av dagen der, mandagen var vel ca lik, dvs sol, baseng og bok. Men i dag sko vær den store utfarts dagen, me sko til Lindos, den kvite by. Men kva kan ein sei, me forsov oss litt, men dæ gjorde ikkje så mykje me leiga skuter 3 dager for 40 euro, så bar det ut på tur, tok bakvegen og brukte lang tid, men skuter her på Rhodos er greie, di kan gå i 80+ og det er så varmt at t-skjorte er helst litt mykje sjølv i 90 :P.
Men ti bake til turen, etter mange små landsbyer og ennda fleire supermarket kom me endeleg til lindos, såg ikkje så stor ut i byrjan, men gatene er små og festningen gammal, kva kan ein venta, gjekk sjølvsagt berserk med foto apparatet og tok sære bilder av bakgater, tekniske løysniger osv og hadde sjølvsagt gløymt skisse boka :( men dæ gjekk fint, fekk ikkje all den tida me ville der, men me måtte tilbake, sola gjekk ubenhørlig mot horisonten. Så turen tilbake til hotelet gjekk den raske vegen, men var d gjekk greit 1.5time er ikkje så lenge når ein har mykje og sjå på.
Og mykje og sjå på var det heile turen, blant anna dæ fasinerandes byggeprinsippet at dei lar armeings jernet så igjen så det er lett og føya til ein etasje til (sjå bilde) det at grøftene på vegen er av betong og laga for store vanmengder, det og at det finnes bruer over tørre sletter/tørre elver, men faktumet er vel at når det først reggner her nede så får ein flash flods, og det kan ein sjå er lagt til rette for. Men dette får væra nokk for denne gang.