Etter å ha hadt fleire blogposter på Rhodos turen enn på lenge, har det i d siste tørka litt inn. Har ikkje hadt så mykje og sei, kan jo sei at laurdagen på Rhodos gjekk med til badeland, og at søndagen gjekk med til skuter tur til Rhodos city med påfølgjande by vandring åleina. Håkon fant ut at æg burde nok reisa inn åleine, si æg hadde by vandring i urban design student moduset mitt i tankane.
Men vekk frå Rhodos, er tross alt på eit grupperom på UIS, D bygget andre etasje. Sitter å prøve og finna motivasjon for matte 3, eit spennande fag sikkert, vist du er matte fyr. Noko æg ikkje er. Vektor analyse, eller dobbel integral i polar koordinator som er oppgåvene æg går gjennom, eller Greens teorem som me hadde på forelesing i dag er ikkje ei av mine sterke sider, er meir ein autocad, archicad teknisk teikning type.
Er vel også ein typisk speider, dvs pyro, men dæ veit alle som kjenner meg. Når speiding kom opp i tankegangen min nå, så var det pga patruljefører grunnkurset æg var på i helga, var veileder, ca 36 ungar i alderen 7-10 klasse på kurs, varierande interesse, men alt i alt eit kjekt kurs, særleg for oss veiledere som hadde ei kjempe helg. Ei helg med sosialt samvær, unge sinn å forme og silje^2, jone, Chris, Marianne, Maren, Sissil, Helen og Øystein. Ein bra gjeng og tilbringe ei helg med.
Men må vel tilbake til matte 3. ska innom jobb også i dag.